19. mai var arkeologigruppa på kveldstur til Revshaugen

Den 19. mai arrangerte arkeologigruppa i Heidal Historielag ved Ola K. Randen kveldstur til Revshaugen i Nerdalen. Dette er ein nedlagt plass på baksida i like nord for Haugabekken og nedafor Slettbrenna. Revshaugen er nemd av Jørgen Espelund under fråflytta plassar i Nerdalen. Plassen er og omskrive i «Gard- og slektshistorie for Heidal» der det er nemd at bruket blei sterkt øydelagt under ofsen i 1789 og fråflytta då. Skadeoppgjør etter ofsen var på 20 rd, og gjaldt stugu, fjos, ei bu og ein låve.

Den skogkledde lia frå bustadfeltet og oppover mot Slettbrenna er bratt og er nok sterkt prega av skriu opp gjennom tida, sist under flaumen i 1938.

Det fyrste tydelege spor etter hus me såg, låg like nord for Haugabekken ogofor bustadfeltet. Her var det oppmura eit stort fundament. Dette har sikkert vore eit fundament for eit slags byggverk, men det var ikkje godt å sjå kva slags bygg. Det blei i tillegg til vanleg hus og nemd kvenn eller sag, men ingen hadde høyrt om dette. Det fanst ikkje att byggningsrester og er sikkert gamalt.

Om lag 120 m høgare opp i den bratte lia ligg det eit stort steinfundament til eit hus. Fundamentet er om lag 6,5 x 4,5 meter stort og ytterkanten er omtrent 2,5 m høg. Dette ser ut til å vera lite skada og det er tvil om dette er noko som har høyrt til Revshaugen. Kanskje det er Engebretsrud, som er nevnt med oppgjør etter ofsen i 1789, på 5 rd for ei stugu. Her var det ellers ikkje spor av andre hus i nærleiken, men i dette skriulende kan det ha vore fleire som det ikkje syner spor etter i dag.

Om lag 80 meter endå høgare opp var det nok ei tuft. Denne ligg litt nærare bekken og det er og att byggningsrester av det lafta huset som har stått her så det virker ikkje som dette er så gamalt, men tufta ligg godt verna oppe på ein rande. Kva slags hus dette har vore var ikkje så lett å sjå, men det kan ha vore ei lyu til Slettbrenna, da det ligg nesten innved gjerdet der.

Ellers var det delvis spor etter vegar/råk i terrenget og fleire stadar var det spor etter dyrka mark. Frå litt innafor og over den øvre tufta og nedover mot tufta på Revshaugen er det mura ein rett streng i det bratte terrenget. Dette lurte me på kva har vore. Eit av forslaga var ei slags løype for å sende nedover timmer.

På grunn av at terrenget har vore sterkt utsett for skriu var det hellar vanskeleg å få god oversikt over den gamle bruken av jorda her.

Me var i alt seks godt vaksne karar som var med på turen og me tykte me fekk att mykje for motbakkeløpet! Her kunne det godt vore trakka meir.

Her er einaste muren som er att i Revshaugen.

Denne muren er 6,5m x 4,5m og ca. 2,5 m høg.

Samme tomta, sett frå oversida.

Lyu rett nedafor Slettbrenna.

Haugabekken er smal og vild i dette området.

 

Godt med kaffekvil etter harde motbakker.

Dette innlegget ble publisert i Artikler. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar