Tur til Nysetra 6. juni 2017.
Arkeologigruppa hadde tur til Nyseterområdet for å sjå på gamle nedlagte setre. Det var seks kjekke karar med på turen og kjentmann var Allan Hagen.
Ved Kaggerudssetra ser det ut til å ha vore fleire setre som nå er nedlagt. Desse (heidalssetre)ligg på Vågåsida så kan hende det har noko med saka å saka å gjere.
Me såg og på eit par andre setre lengare framme.
På dei fleste stadane var ikkje vanskeleg å sjå tuftene etter seterhusa og på summe setre var kvea endå lett å sjå så nokolunde.
Alle tuftene ble kartfesta så nokolunde men for å få ei god oversikt er det naudsynt med ytterlegare undersøkinger.
Allan kjente til kva for bruk dei fleste setrene har høyrt til. Det skulle vore skrive ned historia til desse setrene for den gå heilt tapt.
Veret var ikkje heilt topp så me fekk ikkje sett på alt, men det er mogeleg å gjera ein ny tur seinare.
Turen blei avslutta med kaffi i Hågåsetra.