Årbok 2017

Årbokslepp 2017

Sundagskvelden den 12. november var den nye årboka «I Heidalé 2018» presentert på Heidal skule.

Om lag 80 personar hadde møtt opp. Det vart ein fin kveld med underhaldning av Anne Katrine Slette, Ole Jonny og Edda Bekkemellem. 9. klasse stod for god bevertning, og salget av den nye boka gjekk strykande!

Leiaren i redaksjonsnemnda, Gustav Ekre, fortalde om boka.

Framsida på boka. Setra i bakgrunnen er Øverbilben-setra.

Mange av forfattarane var til stades og fekk kvar si bok som takk for innsatsen.

Ole Jonny las «tordentala» som Dahle skreiv i lagsavisa til Heidal ungdomslag tideleg på 1900-talet.

Anne Katrine og Ole Jonny song.

 

 

Dette innlegget ble publisert i Møtereferat. Bokmerk permalenken.